SKITRYGGLEIK

Alpin skikøyring er forbunden med ein viss fare.

Ved Sunnmørsalpane Skiarena blir det lagt stor vekt på tryggingsarbeidet, slik at du som er gjest hos oss skal få ei trygg og god oppleving i bakken.

For din eigen tryggleik er det viktig at skilt og anvisninger som er sett opp i bakken blir følgd.

I tillegg er det nødvendig å ha kunnskap om dei viktigaste køyrereglane som gjeld for trygg ferdsel i alpinbakken. 

Me ønskjer alle gjestene våre ein trygg og god skisesong!

 

Følg med på Varsom.no for å halda deg oppdatert om situasjonen i fjellet!

 

Vêret i fjellet endrar seg fort!

Vêret akkurat no på:

- 880 moh, Sunnmørsalpane Skiarena.
- 341 moh, Sunnmøraslpane Skiarena.

 

Felles regelverk for alle norske alpinanlegg er beskrive i Alpinvettreglane:

 

Dei 10 alpine skivitreglane

  1. Ansvar for å unngå skade
    Du må forhalda deg på ein slik måte at du ikkje er til fare for deg sjølv eller andre. Du skal til kvar tid ha nødvendig kontroll på ski-/snøbrettutstyret og du er ansvarleg for å unngå at utstyret gjer skade på personar eller anna materiell.

  2. Avpass farta etter forholda
    Du må køyra kontrollert og avpassa fart og køyremåte etter ferdigheit, terreng, vêr og føreforhold og trafikk.

  3. Vikeplikt
    Viss du kjem bakfrå, har du ansvar for å køyra på ein slik måte at du ikkje utset andre for kollisjon.

  4. Forbikøyring og utforkøyring
    Du kan køyra forbi ein annan skiløpar eller snøbrettkøyrar føresett at vedkommande får tilstrekkeleg plass for såvel kontrollerte som ukontrollerte rørsler. Det er forbode å køyra rett utfor, sett bort frå ved organisert trening.

  5. Starta, køyra inn eller svinga oppover i nedfarten
    Køyrar du inn i, eller svingar du oppover i ein nedfart, må du sjå til at dette skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for køyring etter stans.

  6. Stopp i nedfarten 
    Med mindre det er absolutt nødvendig, skal du unngå å stoppa i nedfarten på tronge stader eller stader med avgrensa oversikt. Etter fall på ein slik stad, skal du bevega deg bort så raskt som mogleg.

  7. Til fots i nedfarten
    Er du til fots, må du berre nytta ytterkantane av bakken.
  8. Respekter skilt og markeringar
    Følg skilting, merking og anvisninger.

  9. Hjelp ved ulykker
    Ved skadar har alle skiløparar eller snøbrettkøyrarar plikt til å hjelpa.

  10. Identifikasjon 
    Ved skadar og ulykker har vitne og medverkande plikter å oppgi personalia. 

 

Det er forbode å opphalda seg i alpinanlegget utanfor opningstid. Dette kan medføra livsfare då det går føre seg anleggsarbeid med snøproduksjon og preparering.

Alpin skikøyring er forbunden med ein viss fare. Rusmiddel og skikøyring passar ikkje saman. Brot av alpinvettreglene kan medføra bortvisning frå anlegget.

 

Som alltid gjeld følgjande råd:
Det er viktig at du bruker hjelm, viser omsyn til andre ski- og brettkøyrarar og følgjer skivitreglane. Det skal vera trygt å stå på ski ved Sunnmørsalpane Skiarena og då har vi alle eit ansvar for eiga køyring.

Alpinbakkane

På løypekartet finn du ei oversikt der løypene er inndelte i ein internasjonal fargekode som angir vanskegrad og anbefalt ferdigheitsnivå.

 

Fargekodane er òg angitt på løypeskilta i bakken

 

Brattare parti en gjennomsnittleg fall kan finnast innanfor kvar kategori, men føresetnaden er at desse partia er korte og anlagt i eit oversiktleg terreng.

 

 

Ski og tryggingsutstyr

Ski og tryggingsutstyr som er tilpassa den enkeltes behov og ferdigheitsnivå er avgjerande for å få ei god oppleving. Slitne stålkantar og dårleg preparerte ski er ofte grunnen til at skiopplevinga ikkje blir som forventa.

 

Ta gjerne turen innom skiutleiga for tips og rå. Her kan du òg få hjelp til å få slipt stålkantar og preparert skia, eller snøbrettet.

 

Det viktigaste du kan gjera for eigen tryggleik er å bruka hjelm. Skihjelmar i dag har veldig god komfort, og du vil garantert finna ein hjelm som passar deg, anten du kjøper eller leiger hjelmen. Me tilrår alle å bruka hjelm ved Sunnmørsalpane Skiarena.

 

Ryggskjene kan forhindra skadar i rygg og nakka, då skjena fordeler trykket frå støyt etter eit fall over eit større område. Ved køyring i terrengpark og hopp er bruk av ryggskjene ekstra viktig.

 

Eit lite tips kan vera å ta ein skiskuletime hos oss. Uansett ferdigheitsnivå vil du her kunna få tips og råd som forbetrar teknikken og skiopplevinga.

 

 

Terrengpark

Sunnmørsalpane Skiarena har ein terrengpark med fleire park element. Området er tilpassa ulike ferdigheitsnivå, slik at alle skal kunna finna favorittområdet sitt.

 

Det viktigaste tryggingstipset er å gjera seg godt kjend i parken før ein testar nokre av elementa.  Hjelm og ryggskjene er tryggingsutstyr alle bør nytta i terrengparken.

 

 

 

Off-piste

Off-piste er laussnøkøyring utanfor preparert løype. All køyring i område som ikkje er merkte på løypekartet skjer på skiløparens sitt eige ansvar.

Vel du å køyra utanom anleggets oppmerkede løypenett er det viktig at nødvendige førehandsreglar blir teke.  Spesielt bør du vera merksam på om det er skredfare i området.

 

Ved nærliggjande område av Sunnmørsalpane Skiarena finst det ein del område som kan vera utsett for skred. Ved påstiging av alle skiheisar vil du finna informasjon om skredfare.

Du bør alltid køyra saman med andre når du bevegar deg utanfor anleggets oppmerkede og preparerte løypenett.

 

Følg med på Varsom.no for å halda deg oppdatert om situasjonen i fjellet!

 

Vêret i fjellet endrar seg fort!

 

Vêret akkurat no på:

- 880 moh, Sunnmørsalpane Skiarena.
- 341 moh, Sunnmøraslpane Skiarena.

 

 

 

Ferdsel i anlegget utanom opningstid

All ferdsel i anlegget når heisane er stengde er forbodne. Hovudgrunnen til dette er at det forgår arbeid med maskinelt utstyr både på kveld og natt. Prepareringsmaskiner, snøskuterar og utstyr som blir nytta til snøproduksjon vil utgjera ein stor fare.

 

Det kan vera vanskeleg å oppdaga prepareringsmaskiner når det går vinsjing føre seg. Her nyttar prepareringsmaskina ein lang stålvire som blir festa inn på ulike punkt i bakken. Sjølv om det her er godt varsla med skilt og blinkande lamper vil du ikkje sjå stålviren som maskina heng i. 

 

Me oppmodar alle til å respektera forbodet mot ferdsel i bakken utanom opningstid. 

 

Her gjer me merksam på at grove regelbrot kan medføra politianmeldelse.

 

 

 

I samarbeid med Alpin & Fjell (ALF).

 

 

Les meir om dette i artikkelen som Alpinanleggenes Landsforening har skrive her: Takk for hjelpen for din egen sikkerhet