Skiglede til alle med Skibuss!

Skibuss – Skiglede til alle
Sunnmørsalpane Skiarena har i samarbeid med Sykkylven turbuss satt opp eit tilbod for alle som ønsker å kome seg til skisenteret for å oppleve ekte skiglede. Dette tilbodet er gratis, og inkluderer busstransport til og frå skisenteret i tillegg til heiskort. Tilbodet gjeld frå måndag 16.januar 2023 til og med påskeferien. I vinter- og påskeferien køyrer bussen kvar dag.

Busstransport
Bussen stoppar på alle opplyste stoppestader, med start frå Aursneset:

NB! Skibussen tar ikkje på folk langs vegen! Dei som har reservert plass møter ved oppgitt stoppestad.

 

Sted:

Kveld (Tirsd/ Torsd)

Laurdag

Aursneset

17:10

10:10

Sykkylven sentrum

17:20

10:20

Ikornnes, Bunnpris

17:30

10:30

Vik, busstopp v/ Circle K

17:35

10:35

Straumgjerde, Bunnpris

17:45

10:45

Fet/Skole

17:50

10:50

Hjortdal (P-skiftet)

17:55

10:55

 

Retur kveld tysdag og torsdag kl. 20.30. Retur laurdag kl. 15.30.

 

Heiskort
Når du bestill busstransport via lenka, har du moglegheit til å også få med eit gratis heiskort som gjeld same dag/ kveld du kjem med bussen. Hugs å hake av i boksa for heiskort, om du ønsker å ha med det.

 

Reglar på bussen
Det er ikkje tillat å gå på bussen med alpin/ plast-sko. Ha på kvardagssko, så kan du byte om når du tar ut skia ved åtkomst på Fjellsætra. Skoa kan ligge att i bussen til du skal heim.
Ski må være samanbunden, dvs. stroppa saman med 2 stroppar.

 

Billetter buss og heiskort

MAKS 50 plassar pr. avgang, først til mølla!
Plassbillett blir tilgjengeleg dagen før avgang kl. 08.00, og stenger registrering 2 timar før avgang.

Billetter for både busstransport og heiskort, bestillast via denne lenka:

https://tikkio.com/sunnmorsalpane-skiarena

 

Skianlegget si opningstid:
- Kveldskøyring (tysdag, torsdag og fredag) kl. 18.00 - 21.00
- Laurdag og søndag kl. 10.00 - 16:00

Hugs: Ved skianlegget har vi skiutleige, skiskule, kiosk og restaurant!

Sjå også meir info som ligg på Tikkio: https://tikkio.com/sunnmorsalpane-skiarena

Velkomne!

 

Stor takk til Gjensidigestiftelsen som muliggjør dette tilbodet!