Om Oss

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra
Eit tilbod for alle!

På Fjellsætra i Sykkylven finn du alpinanlegget vårt i eit naturskjønt område, med eit komplett familietilbod. Skiarenaen har 14 alpintrasear, 35 km med oppkøyrde langrennsspor, og flotte område for snøbrett og leik i snøen. Varmestove, kiosk, restaurant, skiutleige og 5 heiser.

Som ein del av den storslåtte naturen på Sunnmøre, byr kanskje Fjellsætra på den vakraste og mest tilrettelagde naturopplevinga av dei alle. Her kan du boltra deg i rik monn av det beste Sunnmøre har å by på!

Av 5 skitrekk kan 4 kjørast om kvelden, noko som gir ein god kapasitet med 4,5 km belyste nedfartar på kveldskøyringane.

Eit eige team sørgjer for preparerte tur/langrennsløyper kvar helg før kl. 10.00 og den 3,5 km lange lysløypa for ski/nordisk, er open kvar dag fram til kl 21.30. Blir oppkøyrt med nye spor kvar dag. Me har òg billettsamarbeid gjennom Alpepass med 8 andre skisenter, noko som inneber eitt heiskort og muligheita til å nytta 9 skidestinasjonar!

Velkomen til fjells!

 

Historie
Med over 50 års drift er Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra eit av dei eldste skisentera i regionen.
Området Fjellsætra vart "grunnlagd" på slutten av 1960-talet som den store utfartsplassen i Sykkylven. Det heile starta som ein vintersportsstad, men har etter kvart vorte eit heilårs rekreasjonsområde. Alpinanlegget har utvikla seg mykje i denne perioden, og står i dag fram som eit flott og godt drifta anlegg.

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellsætra vart skipa i 1969 under namnet Fjellseter Skisenter P/L, og eit år etter etableringa av partsslaget stod den første heisa klar til å føra skientusiastar 1034 meter opp Sætrefjellet. Ein av initiativtakarane og pådrivarane til skianlegget var Einar Espe, som stolt kunne opne trekket og senda dei første skientusianstane opp trekket på opningsdagen.