Oppdatering - Jibbecamp 2025

Sparebanken Møre Jibbecamp 2025

Vi gledar oss like mykje som dei 300 påmeldte ungane til årets jibbecamp, men vi er i tvil om det er mulig å gjennomføre ein camp i vinterfeiren med dei rådande snøforholda.
Vi har produsert snø i nederste del av parken, men ikkje dei mengdene vi treng for å bygge større element. Vi må uansett ha meir snø for å kunne få åpne t-trekk som vi er avhengige av for å kunne arrangere jibbecamp. (les mer under)


Vi kjører snøanlegget alle timar vi har forhold til det, med all kapasitet vi har, men vi får ikkje produsert dei mengdene vi skulle ønske med dei temperaturvariasjonane vi opplever gjennom døgnet. Samtidig ser det ikkje ut som om vi skal få noko mengder av nedbør i form av snø i nærmaste framtid.

Vi vurderer løpade muligheitene våre, vi ser på langtidsvarselet at det kan kome fleire påfølgande døgn med kulde både denne helga og i slutten av neste veke som gjer at vi held håpet oppe.

Det har vore diskutert om ein skal flytte campen til ei eller fleire helgar t.d. i mars. Vi veit det vil medføre at det er fleire av dei påmeldte som kanskje ikkje kan delta på årets camp, men vi ser det som eit betre alternativ enn å ikkje gjennomføre i det heile.

Vi skal uansett gjere vårt beste og vil halde dykk oppdatert. Vi vil ta ei endelig avgjersle innan søndag 9. februar.