Laurdag 4. januar opnar vi T-trekket

Laurdag opnar vi T-trekket!


Med dei snømengdene vi har fått sidan måndag, kombinert med snøproduksjon for å sikre to kritiske punkt i Midtlia kan vi på laurdag åpne T-trekket.

 

Det har kome veldig mykje lett nysnø siste dagane, og sidan vi før snøfallet ikkje hadde noko form for grunnlag eller tele i bakken, er det til tider utfordrande å få preparert. Vi har trakka ned traseeane og prøvd så godt vi kan å legge på snø i punkt vi veit er problematiske for å sikre trygge nedfartar.

 

Vi vil ikkje garantere eit perfekt resultat, men vi skal gjere vårt beste for at vi har klar ein god og trygg nedfart på laurdag. Samtidig skjønar vi at det er mange som gledar seg til å ta for seg av all nysnøen og vi vil oppmode alle til å vere forsiktige.

 

Vi gler oss!