Icon
Tenester
Icon
Tenester

Skipatrulje og tryggleik

Skipatruljen er hjartet i tryggleiken på Fjellsætra.

Alpin skikøyring er forbunden med ein viss fare.
Ved Sunnmørsalpane Skiarena legg vi stor vekt på tryggleik, slik at du som gjest skal få ei god og sikker oppleving i bakken. For eigen tryggleik er det viktig at du følgjer skilting og anvisningar i bakken. I tillegg bør alle kjenne til dei viktigaste reglane for trygg ferdsel i alpinbakken. Vi ønskjer alle gjestene våre ein trygg og god skisesong!

Følg med på Varsom.no for oppdatert informasjon om situasjonen i fjellet.

Vêr i fjellet endrar seg raskt!

  • 880 moh – Sunnmørsalpane Skiarena

  • 341 moh – Sunnmørsalpane Skiarena

Dei 10 alpine skivettreglane

1. Ansvar for å unngå skade
Du må ferdast slik at du ikkje set deg sjølv eller andre i fare. Ha alltid kontroll på ski- eller brettutstyret, og pass på at det ikkje gjer skade på personar eller materiell.

2. Avpass farta etter forholda
Køyr kontrollert og tilpass fart og stil etter ferdigheit, terreng, vêr, føreforhold og trafikk.

3. Vikeplikt
Kjem du bakfrå, har du ansvar for å køyra på ein måte som ikkje utset andre for kollisjon.

4. Forbikøyring og utforkøyring
Du kan køyra forbi andre berre dersom dei får nok plass – både til kontrollerte og ukontrollerte rørsler. Rett utforkøyring er forbode, bortsett frå ved organisert trening.

5. Start, innkøyring eller oppsving i nedfart
Når du startar, køyrer inn i ein nedfart eller svingar oppover, må det skje utan fare for deg sjølv eller andre. Same regel gjeld når du set fart igjen etter ein stans.

6. Stopp i nedfarten
Unngå å stoppe i tronge parti eller på stader med dårleg oversikt, med mindre det er heilt nødvendig. Etter eit fall skal du flytte deg raskt bort.

7. Til fots i nedfarten
Er du til fots, skal du berre bruke ytterkantane av bakken.

8. Respekter skilt og markeringar
Følg alltid skilting, merking og anvisningar.

9. Hjelp ved ulykker
Alle skiløparar og snøbrettkøyrarar pliktar å hjelpe ved skadar.

10. Identifikasjon
Ved ulykker har vitne og involverte plikt til å oppgi personalia.

Reglar og råd
  • Det er forbode å opphalde seg i anlegget utanfor opningstid. Dette kan medføre livsfare grunna snøproduksjon, preparering og maskinelt arbeid.

  • Alpin skikøyring inneber risiko. Rusmiddel og skikøyring høyrer ikkje saman. Brot på alpinvettreglane kan medføre bortvisning.

  • Bruk hjelm, vis omsyn til andre – og følg reglane. Tryggleik er eit felles ansvar.

Alpinbakkane

På løypekartet finn du oversikt med internasjonale fargekodar som viser vanskegrad og ferdigheitsnivå.

  • Fargane går òg igjen på skilta i bakken.

  • Brattare parti kan førekome innanfor kvar kategori, men desse er korte og ligg i oversiktleg terreng.

Ski og tryggingsutstyr

Riktig utstyr er avgjerande for ei god og trygg skioppleving.

  • Slitne kantar og dårleg preparerte ski gjev mindre kontroll.

  • Ta gjerne turen innom skiutleiga for sliping og preparering, eller for råd om utstyr.

  • Bruk alltid hjelm – dagens hjelmar er komfortable og enkle å tilpasse.

  • Ryggskinne fordeler trykk ved fall og reduserer risiko for skadar i rygg og nakke. Særleg viktig i terrengpark og hopp.

  • Skiskule kan gi nyttige tips for betre teknikk og tryggleik – uansett nivå.

Terrengpark

Vi har ein terrengpark med element for ulike ferdigheitsnivå.

  • Bli godt kjend i parken før du testar elementa.

  • Bruk alltid hjelm og ryggskinne.

Off-piste

Off-piste er køyring i laussnø utanfor preparerte løyper, og skjer på eige ansvar.

  • Ver merksam på skredfare – sjå informasjon ved heisane og på Varsom.no.

  • Køyr alltid saman med andre utanfor oppmerka løyper.

Ferdsel utanom opningstid

All ferdsel i anlegget utanom opningstid er forbode.

  • Om kvelden og natta går det føre seg arbeid med maskiner, snøskuterar og snøproduksjon.

  • Ved vinsjing brukar prepareringsmaskina stålvire som kan vere vanskeleg å sjå – sjølv om området er varsla med lamper og skilt.

Respekter forbodet – grove brot kan føre til politimelding.

I samarbeid med Alpin & Fjell (ALF)

Vi sjåast på Fjellsætra!

Kom deg til fjells! Kjøp eller lad opp Keycardet™ ditt no og unngå billettkø. Enkel og greit.