Om Oss

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter
Eit tilbod for alle!

På Fjellseter i Sykkylven finn du vårt alpinanlegg i eit naturskjønt område, med eit komplett familietilbod. Skiarenaen har 14 alpintrasear, 35 km med oppkjørte langrennsspor, og flotte områder for snøbrett og leik i snøen. Varmestue, restaurant, skiutleige og 5 heiser.

 

Som en del av den storslåtte naturen på Sunnmøre, byr kanskje Fjellseter på den vakraste og mest tilrettelagte naturopplevinga av dei alle. Her kan du boltre deg i rikt monn av det beste Sunnmøre har å by på!

Av 5 skitrekk kan 4 kjørast om kvelden, noko som gir ein god kapasitet med 4,5 km belyste nedfarter på kveldskøyringane.

Eit eige team sørgjer for preparerte tur/langrennsløyper kvar helg før kl. 10.00 og den 3,5 km lange lysløypa for ski/nordisk, er åpen hver dag frem til kl 21.30. Oppkjøres med nye spor hver dag. Vi har også billettsamarbeid gjennom Alpepass med 7 andre skisenter, noko som inneber eitt heiskort og muligheita til å nytte 8 skidestinasjonar!

Velkomen til fjells!

Historie
Med over 50 års drift er Sunnmørsalpane Skiarena Fjellster eit av dei eldste skisentera i regionen
Området Fjellseter vart "grunnlagt" på slutten av 1960-talet som den store utfartsplassen i Sykkylven. Det heile starta som ein vintersportsstad, men har etter kvart blitt eit heilårs
rekreasjonsområde. Alpinanlegget har utvikla seg mykje i denne perioden, og står i dag
fram som eit flott og godt drifta anlegg.

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter blei skipa i 1969 under namnet Fjellseter Skisenter P/L, og eit år etter etableringa av partslaget stod den første heisa klar til å føre skientusiastar 1034 meter opp Sætrefjellet. Ein av initiativtakarane og pådrivarane til skianlegget var Einar Espe, som stolt kunne opne trekket og sende dei første skientusianstane opp trekket på opningsdagen.