Aktuelt
Aktuelt
Aktuelt
Oppdatering om opning av sesongen

Vi hadde eit sterkt håp om å kunne opne førstkomande fredag og denne helga, men etter fleire dagar med kraftig vind og milde temperaturar er forholda dessverre ikkje gode nok. Det er no for mange opne parti i terrenget og med manglande tele i bakken er underlaget framleis svært sårbart.
For å ta vare på både løypene og snøen vi har produsert hittil, vel vi difor å utsetje den tidlege opninga. Å bruke opp snøen no for ei kortsiktig opning vil kunne gi oss større forseinkingar seinare, noko vi ønskjer å unngå.
Som eit liiiite plaster på såret prøver vi å halde tautrekket ope for dei minste nokre timar på laurdag og søndag (11-15) – heilt gratis, som vanleg. Vi håpar dette kan gi litt skiglede medan vi ventar på betre forhold.
Det er framleis mykje vinter igjen og vi jobbar vidare dag for dag med førebuingar til opning. Det skjer mykje positivt om dagen og vi gler oss verkeleg til å kunne ta imot dykk alle så snart vi får litt meir påfyll.
Takk for tolmodet. Vi sjåast snart!

Vi sjåast på Fjellsætra!
Kom deg til fjells! Kjøp eller lad opp Keycardet™ ditt no og unngå billettkø. Enkel og greit.