Forholdsreglar Covid-19

No er det spesielt viktig at alle sett seg inn i våre nye retningslinjer grunna Covid-19. 

Vi veit alle saman at dette vert ein annleis sesong, grunna smittevern. Vi tek dette på største alvor og håpar difor at dykk vil samarbeide med oss og fortsette dugnaden saman med oss. Det er difor svært viktig at om du kjenner deg sjuk, må du halde deg heime. Vis omsyn og ha god kø-kultur.

Nedanfor finn du forholdsreglane vi alle må fylgje denne sesongen:

1. Hald 1 meter avstand til andre.

2. Vask/sprit hendene ved eitkvart høve.

3. Nys/host i albuekroken.

4. Kom om du er frisk, hald deg heime om du kjenner deg/ er sjuk. Reis heim om du får akutte luftvegssymptom.

5. Alle nyttar hanskar/vottar på besøk hos oss.

6. Om du er i karantene, er du diverre ikkje velkomen til oss før den er fullført (sjølv ikkje om du unngår Fjellstova, varmestova).

Billettar, bruk av heis og køsystem

Alle som besøker oss må no registrerast med tanke på smittesporing, og vi ønsker difor at alle kjøper heiskort på nett. Luka vil vere open for assistanse, men her ber vi om at alle held minst 1 meter avstand om det oppstår kø. Ved besøk på Fjellsæterstova benyttes QR kode for registrering, om du ikke har skikort.

Når du står i kø eller tek t-krok, kan du stå saman med din familie, nære vener eller medlemmar av din kohort.

Gjestar som ikkje er ein del av same familie, gruppe eller kohort må stå aleine på t-kroken.

 

Vi oppfordrar besøkande om å:

· Kjøpe heiskort på nett. (Luka vil vere bemanna for hjelp). Då slepp du også å stå i kø ved ankomst. Automatane vert også opne, men vi oppfordrar uansett til å handle på nett.

· Bestill skiutstyr for leige på førehand. Send e-post med bestilling til: skiutleige@sunnmorsalpane.no 

· Ikkje stå i trekket med andre enn familie/ nære vener/ same kohort.

· Halde avstand på Fjellsæterstova og varmestova, sit på markerte og reingjorde plassar. (Varmestova kan bli stengt, men toaletta holdes åpne)


Tiltak vi har innført denne sesongen

· God informasjon rundt om i anlegget. 

· Lagt til rette for god hygiene.

· Auka reinhald

· Oftare vask og desinfisering av automatar, kortterminalar og andre berøringspunkt.

· Vask og desinfisering av utstyr som har vore utleigd.

· Heisvakter vil hjelpe dei som ber om det, men vi prøver å redusere mest mogleg kontakt mtp smitte.


Har du sesongkort?

Om du har sesongkort vil du ha fortrinnsrett om vi må innføre begrensningar på antal personar vi kan ha i anlegget samtidig.