Langrenn
Fjellseter, eit rekreasjon og aktivitetsområde i særklasse!
Fjellseter er eit populært tur og aktivitetsområde som er godt kjent blant aktive trimmarar, turfolk mfl. i nær sagt heile regionen. Den årlige Fjellseterrunden går av stabelen her, eit renn som går rundt heile Nysætervatnet. Runden er også populær for turfolk, både store og små, der flotte løyper fører deg inn i fantastisk natur.
Ein avstikkar til høge tindar, vakre daler, eller oppkøyrte turløyper? Valet er ditt. Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter sørgjer alltid for nypreparerte løyper rundt anlegget.
 
Frå sesongen 2013/1014 vil den nye lysløypa vere ferdig. Dette vil bli eit topp moderne anlegg som skal innehalde stadion for Langrenn, Sprint, Skiskyting, Rulleskiløype, Lysløype Skileik, Langrennscross samt servicebygg.
Med denne utbygginga vil ein skape stabile og gode treningsforhold for alle aktivitetar, sommer som vinter. Her skal vi kunne arrangere alle typar renn frå klubbrenn, kretsrenn til nasjonale mesterskap og internasjonale renn.