Historie
Med over 40 års drift er Sunnmørsalpane Skiarena Fjellster eit av dei eldste skisentera i regionen
Området Fjellseter vart "grunnlagt" på slutten av 1960-talet som den store utfartsplassen i Sykkylven. Det heile starta som ein vintersportsstad, men har etter kvart blitt eit heilårs
rekreasjonsområde. Alpinanlegget har utvikla seg mykje i denne perioden, og står i dag
fram som eit flott og godt drifta anlegg.

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter blei skipa i 1969 under namnet Fjellseter Skisenter P/L, og eit år etter etableringa av partslaget stod den første heisa klar til å føre skientusiastar 1034 meter opp Sætrefjellet. Ein av initiativtakarane og pådrivarane til skianlegget var Einar Espe, som stolt kunne opne trekket og sende dei første skientusianstane opp trekket på opningsdagen.


1969- Fjellseter Skiseter P/L  blir skipa.  
1970- Fjellseter Skisenter opner Poma-trekket.  
1974- Første trakkemaskin blir kjøpt inn, ei Kässbohrer 140.  
1976- Tautrekket blir montert opp.    
1987- Varmestova blir bygd og T-trekket blir opna.  
2000- Topptrekket fra Doppermeyer blir opna  
2003- Familietrekket fra Doppermeyer opner.  
2005- Ny løypemaskin blir innkjøpt,  Kässbohrer 100 Pisten Bully. Ny trakkemaskin 300 med vinsj blir innkjøpt.  
2009- Fjellseterstova blir bygd. Stor laftahytte med plass til billettbetjening, skiutleige og kafe/restaurant.
2010- Skisenteret investerer i nytt snøproduksjonsutstyr for å sikre lengre sesonger.
2012- Ny trakkemaskin blir kjøpt. Pistenbully 600 Park.