Dugnadsarbeid
Stor dugnadsånd, drivkraft til suksess!
Heilt sidan starten i 1969 har Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter vore drifta av frivillige. Kvart år stiller meir enn 100 frivillige opp på vaktlag, trakkelag, ski-patruljer, administrasjon, kioskdrift m.m og gjer ein stor innsats for å holde tilbodet oppe for dei mange besøkande. Takka vere dette så har det vore mulig å utvikle anlegget og tilbodet litt etter litt, og i dag framstår anlegget som topp moderne med alle dei fasilitetane som trengs for store og små.

Drifta av varmestova og parkeringsplassane blir organisert av skulekorps i Sykkylven, der dei får inntekter frå dette arbeidet, elles er resten av trekket drifta av andre frivillige. Om du ønskjer å bli med på laget og hjelpe til med drifta så ta kontakt med oss på Fjellseter. Alle som blir med får eitt gratis årskort for arbeidet. Innsatsen som blir lagt ned kjem frivillige lag og alle tilreisande brukarar i regionen til gode.